Lærdal Ferie- og Fritidspark
Lærdal Ferie- og Fritidspark tilbyr komplette opplevingar. Enten det er på ferie-, fritid- eller firmareise. Vi har overnatting på alle nivå, frå camping til høg standard hytter og leiligheiter.
Lærdal og området rundt oss er godt tilrettelagt for aktiv ferie som vandring, sykling, klatring, breturar, fisking og anna båtliv. Har du ikkje med utstyr til aktive opplevingar sjølv, får du leigd både syklar, trøbilar, båtar etc. på Lærdal Ferie- og Fritidspark. Elles tilbyr vi ei rekkje guida turar.
Vi har topp kulissar for maling, teikning, fotografering, faunainteresser eller berre nyte roen! Du finn eit stort antall natur- og kulturattraksjonar både i Lærdal og i området som t.d. Sognefjorden, Jostedalsbreen, Vettisfossen, Gamle Lærdalsøyri, Flåmsbana, Borgund Stavkyrkje, historiske vegar som Kongevegen over Filefjell og "Snøvegen" over Aurlandsfjellet.
Hjå oss finn du også ein flott restaurant som fokuserer på lokal mat.
Motorikpark™ Lærdal
Velkommen til nordens første Motorikpark™ Leik og trening for små barn (2-10 år) og store barn (10-100 år)! Her ligg det til rette for morosam leik og trening i flotte naturomjevnader i fjordkanten av Lærdalsfjorden. Motorikkparken ligg vis à vis Lærdal Ferie- og Fritidspark med adresse Grandavegen 5, 6887 Lærdal.
Motorikkparken byr på trening og bevelgelse for alle generasjonar og nivå. Alt i frå barnehage til pleie- og rehabpasientar og toppidrettsutøvarar. Du bestemmer sjølsagt i kva tempo og kva apparatar du ønskjer å bruke sjølv.
I motorikkparken kan ein klatre, balansere, køyre tråbil, trene styrke i eigen styrkepaviljong for å nemne nokre mulegheiter. Om du ønskjer rettleiing i bruk av apparatane, treningsveiledning aleine, saman med ein ven eller gruppe, tilbyr vi også timer med personleg trenar. For å lesa meir om motorikkparken, kan de sjå: www.motorikkpark-laerdal.no
Camping
Vår campingplass har ca 100 oppstillingsplassar for bubilar, campingvogner og telt. 80 straumuttak. Våre sanitæranlegg er bygd i slitesterke og hygieniske materialer, det meste er flislagt. Plassen er flat med grasplen og asfalterte internvegar og som gjev lett tilkomst for både små og store køyretøy.
Oppstillingsplassen eignar seg og godt til treff som t.d. bubil- og caravantreff, bil- og busstreff.
Leiligheiter
Alle våre leiligheiter (10 stk.) har høg standard med bad (dusj, wc), kjøkkenkrok m/utstyr, stove med TV. Terrasse med hagemøbler. Fri tilgang til trådlaust internett. Leiligheitene har open løysing mellom sovedel og stovedel. Kjøkkenkrok. Maksimum soveplassar; 3 vaksne evnt. 2 vaksne og 2 barn.
Motell økonomirom
Våre motellrom/økonomirom har dusj og wc på alle rom. Romma har 2 enkle senger og ein dobbel sovesofa. Baderomma har mellomstandard med baderomsvegger. Kvart rom er ca 16 kvm. Total kapasitet er 29 rom med 2 senger + sovesofa med opptil 2 sengeplassar. Motellet har store felles opphaldsrom med kjøkken/spisesal for sjølvhushald, utstyr kan lånast/leigast i resepsjonen, felles TV-rom.
Hytter
Alle våre hytter (19 stk.) har høg standard med bad (dusj, wc), utstyrt kjøkken, stove med TV. Terrasse med hagemøbler. Fri tilgang til trådlaust internett. Hyttene varierar frå 1 til 2 soverom og nokre har hems med vanleg trapp opp til hemsen. Maksimum soveplassar varierar frå 4 til 7.
Hunder er velkommen på campingplassen, men ikke i hytter/leiligheter/rom.
Hytter type A: Hytter bygd i 1996 - 1999. Hyttene er bygd i gamal stil som trehusbebyggelsen på Gamle Lærdalsøyri. Byggematerialer er av høg kvalitet. Flislagte bad. Kvar hytte er ca 50 kvm. Hyttene har dusj, wc, utstyrt kjøkken, stove med TV.
Hytter type B: Hytter bygd i 1996 - 1999. Hyttene er bygd i gamal stil som trehusbebyggelsen på Gamle Lærdalsøyri. Byggematerialer er av høg kvalitet. Flislagte bad. Kvar hytte er ca 45 kvm. Hyttene har dusj, wc, utstyrt kjøkken, stove med TV.
Hytter type C: Hytter bygd i 2003 - 2004. Hyttene er bygd i gamal stil som trehusbebyggelsen på Gamle Lærdalsøyri. Byggematerialer er av høg kvalitet. Flislagte bad. Alle hyttene er bygd på eitt plan. Kvar hytte er ca 50 kvm. Hyttene har dusj, wc, utstyrt kjøkken, stove med TV.
Hytter type D: Hytter bygd i 2003 - 2004. Hyttene er bygd i gamal stil som trehusbebyggelsen på Gamle Lærdalsøyri. Byggematerialer er av høg kvalitet. Flislagte bad. Alle hyttene er bygd på eitt plan. Kvar hytte er ca 38 kvm. Hyttene har dusj, wc, utstyrt kjøkken, stove med TV.
Velkomen til Lærdal og Lærdal Ferie- og Fritidspark!
- +47 57 66 66 95
- Grandavegen 5
- 6887 Lærdal
- info@laerdalferiepark.com
- Besøk campingplassens nettside
- Åpent: 15.01-15.12
- Fullservice-periode: 15.01-15.12
- Høysesong: 01.06-31.08
- Bobil/campingvogn: Hele året
- Leilighet: Hele året
- Hytte: Hele året
- Rom: Hele året
- Bobil-, vogn- og teltplasser: 100
- Hytter: 19
- Leiligheter: 10
- Rom: 29