Yndestad Gard

Yndestad Gard ligg idyllisk til heilt nede ved Yndestadvatnet. Eit 9 km langt fiskevatn, med gode fiskemoglegheiter både for ørret og røye.

På Yndestad gard kan du overnatte og bestille middag til du kjem heim frå fisketur. Yndestad gard ligg midt i bygda Guddal. Dette er ei av vestlandet si uoppdaga naturperler.

Til borna er det ideelt å leike på den store gardsplassen. Her er dissestativ, sandkasse, diverse leikar og trampoline.

Gjestane får tilbod om å leige og ordne seg sjølve, eller bestille overnatting med halv- eller fullpensjon.

Grillhytta ved vatnet appellerar til koselege kveldstimar i hyggeleg lag. Gapahuken ved Yndestadhølen er ein ypperlig plass for rekreasjon, med moglegheiter for fiske og avslapping i all slags veir. Vi har båtar og kanoar til utlån for fredelege fisketurar på vatnet rundt garden. Ynskjer du ein lengre tur nedover vatnet kan også motor leigast. I området rundt campingplassen finn du i tillegg eit fantastisk turterreng, både for kortare kveldsturar, eller lengre utfluktar i fjellet. Ynskjer du ein guidet tur i fjellet, så spør oss gjerne.

Historien

Kårbustaden på Yndestad var bygd i 1930 og er rehabilitert ein rekkje gangar, sist i 2006. Den ligg i vakre omgjevnader ved Yndestad vatnet i Guddal.

Garden har vert i Yndestad familien dei siste 200 åra, og har gått i arv frå far til son. I 1950 overtok Norvald Yndestad og dreiv tradisjonelt jordbruk med grønsaker fram til 1965. Han gifta seg med Bertine Noven frå nabogarden og saman fekk dei 5 born.

I 1966 endre ein driftsform til mjølkeproduksjon av geit, dette varte fram til år 2000. Kårfolka på Yndestad i dag, Oddleiv og Marit tok over garden i 1975 og det var dei som la grunnlaget for meir moderne drift der ein satsa på turisme. Da Nina flytta heim med familien i 2005 og fekk overta garden, satsa begge generasjonane på å vidareutvikle garden til ei overnattingsbedrift, med tilbod til gjestane om tradisjonell norsk mat.

Herfrå gjekk det slag i slag. Servicebygg med dusjanlegg, toalett, sauna og solarium stod ferdig i 2006. I 2008 bygde ein på med serveringslokale til 120 personar. Så no er det mogeleg å lage til det meste av aktivitetar og festlegheitar på garden.

Bu i romantisk kår bustad

Det er 7 soverom med 12 sengeplassar til store og små. Huset inneheld 2 bad og toalett, eit med boblebad. I tillegg er det mogeleg å nytte velværeavdelinga med solarium, sauna, fleire dusjar og toalett.

I nytt bygg ved campingplassen har vi 11 nye rom med felles opphaldsrom, plass til 20 personar. Total overnattingskapasitet på garden er 35 sengeplassar.

Camping

Yndestad Gard er ein heilårsåpen campingplass, med oppstillingsplass til 30 biler og vogner. Campingplassen er godt utbygd med både straum og vatn tilgjengeleg heile året. Tømmestasjon for bubil og campingvogn. Heilt nytt sanitæranlegg med 6 dusjar og 6 toalett vart bygd i 2016.

Velkommen til vakre og fiskerike Guddal - velkommen til Yndestad Gard!

Video
Kontaktopplysninger
Klassifisering av hytter
Åpningstidstider
  • Fullservice-periode: 01.01-31.12
  • Bobil/campingvogn: Hele året
  • Sesongplass: Hele året
Tilhørighet
Fakta
Plassering